Samnanger Sokn

Gravferd

Alle som bur i Samnanger har rett til ei grav på gravplassen i bygda. Det gjeld uansett religion og livssyn. Var den døde medlem i Den norske kyrkja, har de også rett til å halda sermoni i kyrkja, utan å måtta betala for det.  

Nokre hovudpunkt :

  • Ved eit dødsfall, ta kontakt med eit gravferdsbyrå så snart som råd. Dei vil kunna rettleia og hjelpa. Lækjar skal stadfesta dødsfallet, og lensmannen skal ha melding om det. Det er viktig å ta kontakt med kyrkjekontoret så snart som råd for avklaring av gravferdsdato. Skal det vera sermoni i kyrkja, må presten kontaktast. Eit gravferdsbyrå vil kunna ta seg av mykje av det praktiske, men det går og an å gjera ein god del sjølv. (Sjå brosjyre under). 

  • Gravferdssermoni. Kyrkja har ein eigen gravferdsliturgi som skal følgjast, og sermoni i kyrkja sin regi, følgjer alltid denne liturgien. Men liturgien har rom for ulike alternativ ved td. val av Bibeltekstar. Det er høve for pårørande sjølv å lesa bibeltekstane i gravferda og å ha innslag om den døde/koma med helsingar. Dei avgjer og kva songar som skal syngjast og musikk som skal spelast, men; Om ein ynskjer å nytta songar som ikkje står i salmebøkene, skal dei godkjennast av soknepresten.

  • Dei som ikkje er medlemer av DNK, kan velja å ha andre gravferdsermoniar om dei ynskjer det. Kyrkja vert berre lånt ut til kristne sermoniar. Dei som ikkje er medlemer av DNK og likevel vil bruka kyrkja, må betala for det. Det er ein grunnpris på 1000 kr og eit tillegg for løn til kyrkjetenar og evt. organist. Samnanger kommune har ikkje eigne livssynsnøytrale sermonirom, men det går an å nytta lokale grendahus og lokale som vanlegvis vert leigd ut til private samkomer. 

  • Alle som bur i kommunen har rett til fri gravplass i bygda. Det gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom budde i ein annan kommune då han døydde. Dei som ikkje høyrer til i gruppa ovanfor, kan også få gravplass i Samnanger om det er ynskje om det, men må då betala dei takstane som er fastsette av kyrkjestyret/ kommunestyret. (Prisar for 2024 er 6800,– for kistegrav, 5100,– for barnegrav og 1500,– for urnegrav).

  • Gravplassen er for alle uansett livssyn og religion. I Samnanger er ein del av eit gravfelt på den nye gravplassen, tenkt regulert med retning for muslimske graver. Gravferdsbrosjyren kan du finna her: Gravferdsbrosjyre.

  • Når det gjeld reglar og føreskrifter for gravplassen: Trykk HER.  
KALENDER

lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 23 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: