Samnanger Sokn

Gravplass

 

Gravplass

I Samnanger har me ein gravplass som ligg ved kyrkja på Ådland. Den gamle delen av gravplassen ligg rundt sjølve kyrkja. I 1999 vart eitt nytt gravfelt vigsla, ca 300m. sørvest for kyrkja. Kyrkjekontoret i Samnanger har utarbeidd ein brosjyre der reglar og lover for gravplassen står. "Kyrkjekontoret i Samnanger informerer om gravferd og kyrkjegard". Den kan du finna på lekkja under.

Undersbo15

Gravplassen ved kyrkja på Ådland.




Nokre hovudpunkt som gjeld kyrkjegarden:

Alle som bur i kommunen har rett til fri gravplass i bygda. Det gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom budde i ein annan kommune då han døydde. Dei som ikkje høyrer til i gruppa ovanfor, kan også få gravplass i Samnanger om det er ynskje om det, men må då betala dei takstane som er fastsette av kyrkjestyret/ kommunestyret. (Prisar for 2020 er 6400 kr for kistegrav, 4900kr for barnegrav og 1500 for urnegrav. Dei må også betala festeavgift for grava frå ho er ny.)

Gravsteinane er dei pårørande sin eigedom, og alt vedlikehald / kostnader med vedlikehald av desse som oppretting, reingjering ol. må dei pårørande ta seg av. Om steinen på nokon måte skulle vera fårleg (t.d. ved fare for velting,) kan kyrkjegardsarbeidaren leggja han ned. Pårørande vil då få brev om saka, der det vert fortald kva som må gjerast og kva det evt. kostar å få andre til å gjera det. For lover og reglar om gravminne, sjå brosjyre 2, side 4 §20–26

Stell av grava. Mest vanleg er å ha blomar i plantefelt framfor gravsteinen. Har dei pårørande problem med å stella grava, kan det betalast inn eit legat til kyrkjekontoret, som vil syta for at grava vert stelt. (Pris 2020: 1 350 pr år). Elles går det an å planta meir "permanente" plantar, som lyng eller små buskar som treng mindre stell. Desse må ikkje vera for store, sjå s.2 §5. Det går også an å så til grava med gras.

Ei grav er freda i 25 år, og treng ikkje betalast for i denne perioden. Etter fredingsperioden, er det høve til å festagrava for periodar på 5år (eller meir), fram til ho er seksti år gamal. Er det ei dobbel grav, kan begge gravene festast til den yngste grava er seksti år gamal. I 2020 kostar det 350 kr året å festa ei grav i vaksen storleik. Festaren syter for at grava vert stelt, og kan bestemma kven som evt. skal nytta grava om att. Festaren er også den som får informasjon frå kyrkjekontoret, td. brev med spørsmål om vidare festing, når ein feste–periode er i ferd med å gå ut.


Undersbo15

Den nye gravplassen.

 

Brosjyren «Kyrkjekontoret i Samnanger informerer om gravferd og kyrkjegar» kan du sjå her: Kyrkjegardsbrosjyre.pdf

 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

torsdag 1 desember
19:00 Alfakurs
Haga kyrkje
søndag 4 desember
Haga kyrkje
mandag 5 desember
Haga kyrkje
søndag 11 desember
Ådland kyrkje
mandag 12 desember
Haga kyrkje
onsdag 14 desember
Haga kyrkje
Ådland kyrkje
søndag 18 desember
Haga kyrkje
tirsdag 20 desember
Haga kyrkje
lørdag 24 desember
Samnangerheimen

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: