Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

OM OSS

Haga kyrkje

Gamal ide – nytt hus for allsidig bruk.

Kyrkja på Haga vart vigsla i 1995. Det tok ikkje så mange år frå endelege planar for huset var ferdige, til bygget stod der, men ideen var slett ikkje ny!

Alt i 1920–åra var det snakk om å byggja eit kyrkjebygg på "hi sida av fjorden". Då Tysse bedehus vart vigsla til kyrkjebruk, var det snakk om ei "mellombels løysing" (som varde i over 75 år!) Tysse kyrkjeforeining vart skipa i 1944. Det var dei som skaffa kyrkjesølv som først vart brukt då dei hadde gudstenester i bedehuset på Tysse. No har me dette sølvet i den nye kyrkja.

Men det som for alvor gav arbeidet med kyrkja ein kraftig puff framover, var ei stor gåve frå Alfred M. Bruvik i 1962. 250 tusen kroner. Og på den tida kunne pengar renta seg!

I 1967 gav Samnanger kommune tomt til kyrkja på Haga. Planarbeid med arkitekt Hjertholm tok til. Men først elleve år seinare gjorde kommunen vedtak om å byggja kyrkja. Pengar vart likevel ikkje løyvde, og arbeidet stoppa opp. I 1982 vart kyrkjesamskipnaden skipa, for å kunna byggja kyrkja ved hjelp av dugnad og innsamla midlar. Det tok si tid før det vart nok midlar til at bygginga kunne ta til, men i 1990 hadde samskipnaden over tre millionar på bok. I 1991 gav kommunen det endelege klarsignalet med vedtak om å løyva pengar til kontordel, og til drift av kyrkja. Omprosjekteringar vart gjort med den same arkitekten, og bygginga kunne ta til! Mange timar dugnadsarbeid var også lagt ned, før kyrkja kunne vigslast 5. februar 1995.

Kyrkja har eit kyrkjerom som rommar om lag 200 personar. Altarbildet er eit vevd Kristusbilete laga av Aud Sørheim Myklebust. Kyrkjesalane er pryda med bilde av Audun Storaas og fleire lokale kunstnarar har gjeve tekstilar og bilde til kyrkja.

Bakre del av kyrkja kan nyttast for seg, store rullegardiner skil kyrkjesalane frå det indre kyrkjerommet. Desse salane vert ofte brukt til festlege samkomer og kan romma opp mot 100 personar. I peisestova er det om lag plass til 40 stk, rundt borda. I nærleiken er det eit kjøken. Kyrkja har dessutan kontor til dei tilsette og eit "ungdomslokale" i underetasjen.

Det vert halde gudstenester i Haga kyrkje om lag annakvar søndag. Songen i denne kyrkja har gjerne tonefylgje av eit orkester/band. Det er søndagsskule for borna under dei fleste gudstenestene og kyrkjekaffi etterpå. 

Konfirmantane har sin kveld annakvar tysdag, og det er "Kompis" for born etter skulen om onsdagane. Kyrkja på Haga vert elles brukt til mange ulike arrangement: konsertar,  små–samlingar/møte, trusopplæringstiltak, fødselsdagar, dåpsfestar og konfirmasjonar. Kjøken med dekketøy til 80 personar, gjer at det går an å invitera til måltid i kyrkja.  Det er mogeleg å leiga rom til private arrangement.

Adressa til Haga kyrkje er:
Hagabakkane 1
5650 Tysse

KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: