Samnanger Sokn

Besøkteneste

I Samnanger organiserer diakoninemnda ei besøksteneste som kan nyttast av alle som vil, det gjeld både unge og eldre.

Besøkstenesta er ei omsorgsteneste for dei som kjenner trong til det.

Du bestemmer sjølv kva ho skal gå ut på. Det kan vera ønsket om å dela tankar med nokon. Å rett og slett kunna prata litt i lag.  Eller kanskje du har bruk for ein turkamerat, nokon å rusla på Prestavegen med, eller gå til topps på Hagaåsen eller Gullfjellet med! Eller kunne du tenkja deg å gå på noko, men manglar nokon å gå med? Kanskje ein konsert, ei gudsteneste eller på føremiddagstreff?  Kanskje du ikkje ser så godt lenger, og har bruk for nokon til å lesa litt for deg? Du og den som kjem på besøk, legg opp stunda de er saman, slik du helst vil.

Besøkjarane er både kvinner og menn. Dei har teieplikt og har fått ei innføring i kva besøkstenesta går ut på. For ordens skuld nemner me at dei ikkje kan gå inn i oppgåver som ligg under heimehjelpa.

Velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf: 56 58 90 10.

KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: