Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenKonfirmasjon
Kven kan verta konfirmert?
Det kan alle som går i 9. klasse, og som ønskjer å ta del i konfirmantførebuinga etter beste evne. For å verta konfirmert må du dessutan vera døypt. Er du ikkje det, vert det arrangert dåp før konfirmasjonen. Det vanlege er å ha ei eiga tilstelling der berre fadrar og familie/ inviterte gjester er til stades. Men det er også høve til å ha dåp i konfirmasjonsgudstenesta om konfirmanten ynskjer det. Det er som regel ein eller to av konfirmantane som vert døypte kvart år til konfirmasjonsdagen.
Informasjon om konfirmanttida finn du ved å trykke HER. Og program for konfirmantundervisninga finn du ved å trykke HER.
I konfirmasjonstida på førehand, lærer konfirmantane om kristen tru og om å leva. Tema som venskap, etikk/ moral, alkohol, mediasamfunnet, sex og mykje anna vert også tatt opp i konfirmanttida. Konfirmantane tek del i konfirmasjonsførebuing frå august/ september til mai. Denne går føre seg 1 tysdagskveld i månaden i kyrkja på Haga. Her er song og musikk, temasamlingar med undervisning og samtale, og ulike aktivitetar. Etter samlingane er ungdomscafeen open.
Ein gong i månaden er det også "Kro" i kyrkja. Desse er obligatoriske for konfirmantane, men også opne for alle andre som vil vera med. Her er det lovsong, bønevandring, andakt og cafe etterpå.
Det er ein leir i løpet av konfirmanttida, til Wallemtunet på Kvamskogen. Det er også tilbod om andre frivillige turar saman med eldre ungdomar i kyrkjelyden seinare i konfirmanttida for dei som vil det. Konfirmasjonsførebuinga følgjer skuleåret.
Gudstenester er også ein del av konfirmantførebuinga, og i løpet av året skal konfirmantane ta del i om lag 8 ulike gudstenester. Nokre er dei med på å forma sjølve. Samtalegudstenesta er den siste av dei, og her får dei sjølve fortelja noko frå tida som konfirmant.
I Samnanger har me tradisjon for å ha konfirmasjon første helga i mai. (Viss denne laurdagen fell på 1.mai, vert det 8.mai i staden). Det er to gudstenester på konfirmasjonsdagen, klokka ti og klokka tolv.
Bilete av alle konfirmantane vert teken tysdagen før konfirmasjonsdagen.
Du melder deg på via: https://minkirkeside.no/Samnanger/.
Dette skjemaet blir sendt direkte til sokneprest David Vogel.
På Tiktok har nokre konfirmantar lagt ut om korleis dei opplevde konfirmanttida. Dette kan du sjå ved å trykke på linken her: https://www.tiktok.com/tag/konfirmantene. Sjå også denne fine videoen på YouTube: KONFIRMANT.
I 2025 vert konfirmasjonen laurdag 3.mai kl. 10.00 og 12.00 i Ådland kyrkje.
På konfirmasjonsdagen ber me for kvar einskild konfirmant i kyrkja.
Søk i kirken.no: