Den Norske Kyrkja
Samnanger Sokn
Meny

LINKAR
Kyrkjelege handlingar

Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  
Facebook:
Kyrkja i Samnanger.

https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

GRAVFERD

Alle som bur i Samnanger har rett til ei grav på gravplassen i bygda. Det gjeld uansett religion og livssyn.
Var den døde medlem i Den norske kyrkja, har de også rett til å halda sermoni i kyrkja, utan å måtta betala for det.

Gravferd

 

Nokre hovudpunkt :

  • Ved eit dødsfall, ta kontakt med eit gravferdsbyrå så snart som råd. Dei vil kunna rettleia og hjelpa. Lækjar skal stadfesta dødsfallet, og lensmannen skal ha melding om det. Det er viktig å ta kontakt med kyrkjekontoret så snart som råd for avklaring av gravferdsdato. Skal det vera sermoni i kyrkja, må presten kontaktast. Eit gravferdsbyrå vil kunna ta seg av mykje av det praktiske, men det går og an å gjera ein god del sjølv. (Sjå brosjyre under). 

  • Gravferdssermoni. Kyrkja har ein eigen gravferdsliturgi som skal følgjast, og sermoni i kyrkja sin regi, følgjer alltid denne liturgien. Men liturgien har rom for ulike alternativ ved td. val av Bibeltekstar. Det er høve for pårørande sjølv å lesa bibeltekstane i gravferda og å ha innslag om den døde/koma med helsingar. Dei avgjer og kva songar som skal syngjast og musikk som skal spelast, men; Om ein ynskjer å nytta songar som ikkje står i salmebøkene, skal dei godkjennast av soknepresten.

  • Dei som ikkje er medlemer av DNK, kan velja å ha andre gravferdsermoniar om dei ynskjer det. Kyrkja vert berre lånt ut til kristne sermoniar. Dei som ikkje er medlemer av DNK og likevel vil bruka kyrkja, må betala for det. Det er ein grunnpris på 1000 kr og eit tillegg for løn til kyrkjetenar og evt. organist. Samnanger kommune har ikkje eigne livssynsnøytrale sermonirom, men det går an å nytta lokale grendahus og lokale som vanlegvis vert leigd ut til private samkomer. 

  • Alle som bur i kommunen har rett til fri gravplass i bygda. Det gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom budde i ein annan kommune då han døydde. Dei som ikkje høyrer til i gruppa ovanfor, kan også få gravplass i Samnanger om det er ynskje om det, men må då betala dei takstane som er fastsette av kyrkjestyret/ kommunestyret. (Prisar for 2019 er 6300,– for kistegrav, 4900,– for barnegrav og 1500,– for urnegrav).

  • Gravplassen er for alle uansett livssyn og religion. I Samnanger er ein del av eit gravfelt på den nye gravplassen, regulert med retning for muslimske graver.


Gravferdsbrosjyren kan du finna her: Gravferdsbrosjyre.pdf


Når det gjeld reglar og føreskrifter for gravplassen: Sjå under "Om oss" og så "kyrkjegard".

 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

søndag 2 mai
Ådland kyrkje
søndag 9 mai
Haga kyrkje
torsdag 13 mai
17:00 Andakt
Tysse bedehus
søndag 16 mai
Haga kyrkje
mandag 17 mai
17:00 Andakt
Sætervika
søndag 23 mai
Ådland kyrkje
søndag 6 juni
Nordviksætra
søndag 13 juni
Haga kyrkje
søndag 27 juni
Ådland kyrkje
søndag 11 juli
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar