Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

DÅP-KONFIRMASJON-VIGSEL-GRAVFERD

Bryllaup

Ynskjer de å gje kvarandre dykkar "JA" i ei av kyrkjene våre? Eller ynskjer de ei kyrkjeleg velsigning over eit ja" som alt har vorte gjeve ved borgarleg vigsel?


LITT PRAKTISK INFORMASJON  

På førehand:

  • Dato for vigsle må avtalast med soknepresten i god tid. De kan nytte skjema på https://minkirkeside.no/Samnanger/ for å sende inn informasjon om dykk og kva dato de ynskjer å ha vigsla.

  • Prøvingsattest og forlovarerklæring må ordnast i god tid på førehand, men ikkje tidlegare enn 4 mnd. før. Attest får de frå folkeregisteret. Obs! Om ikkje desse papira er i orden, kan ikkje vigsla finna stad. Du kan logga inn hos https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/ for "prøving av eksteskapsvilkår" og "forlovererklæring" og fylla ut og senda til det lokale skattekontoret.

  • Paret vel sjølv kvar dei vil at bryllaupet skal vera.
    Kyrkja på Ådland: Tradisjonell med lang midtgang og orgelbrus!
    Kyrkja på Haga: Meir intim, med flygel/ elektronisk kyrkjeorgel. Høver godt for mindre bryllaup.

  • Presten har vigselssamtale med paret på førehand. Har de ein særskild prest de ynskjer å nytta, er det ok, men det må avtalast med soknepresten. Prostiet dekker ikkje løn for ein annan prest, når den lokale ikkje har fri. 

  • De kan sjølv velja liturgi og tekstar til bryllaupet, og setja dykkar preg på sermonien. Sjå www.kyrkja.no for liturgi og framlegg til tekstar.

  • Har de ynskje om særskild musikk, må dette også avtalast i god tid på førehand! Ta kontakt med organisten. (Sjå liste over tilsette.) De må gjerne sjølv ha med solistar/ musikarar, men dette må også avtalast med organisten. Dersom de ynskjer nytta songar som ikkje står i nokon av salmebøkene, må desse godkjennast av organisten/ soknepresten. Me nyttar først og fremst levande musikk ved vigsler, men det kan opnast for eit digitalt innslag inne i seremonien.

  • Pynting av kyrkja til bryllaup, vert teke hand om av brurparet. Det er i alle fall fint med blomar på altaret. På Ådland er det to blomesøyler som kan nyttast til større oppsatsar. Avtal med kyrkjetenaren opplåsing av kyrkja før pynting.

Kostnader

Me tilbyr ikkje bryllaup i presten sine frihelger. Har de tilgang på eigen prest, kan me likevel få det til, men då må det betalast leige etter dei takstane som er vedtekne. (3000 kr. i 2022)

Om ingen av brurfolka er medlem i DNK, må dei betala leige etter dei same takstane. Det same gjeld om begge er busette utanfor Samnanger og ikkje har vore busette her tidlegare/ har foreldre som er busette her.

KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: