Samnanger Sokn

BESØKSTENESTE

Kunne du tenkt deg å vere med i besøkstenesta?

Det er mange einsame rundt omkring som treng ein å dela ting med. Det kan vere så enkelt som å ta ein kopp kaffe og prate litt eller gå ein liten tur saman. Eller kanskje gå på gudsteneste, føremiddagstreff eller konsert saman?

Me har berre nokre få organiserte faste besøksvener, men dei me har, er svært aktive og er ofte på vitjing hos «sine».  Vert oppfatta som meiningsfullt og godt frå både besøkjande og frå dei som får besøk. I koronatida har telefonkontakt vorte brukt når ikkje det har vore råd å besøkja folk. Nemnda skulle gjerne hatt fleire besøkjarar.

Du og den du besøkjer, legg opp stunda de er saman slik de helst vil. 

Høyres dette ut som noko du vil engasjere deg i, så ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56 58 90 10 eller epost: post@samnangersokn.no.


KALENDER

søndag 3 desember
18:00 Lysmesse
Ådland kyrkje
søndag 10 desember
Ådland kyrkje
søndag 17 desember
Haga kyrkje
søndag 24 desember
Samnangerheimen
Haga kyrkje
Ådland kyrkje
mandag 25 desember
Ådland kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: