Samnanger Sokn

TRUSOPPLÆRINGA

Kunne du tenkja deg å hjelpa til i trusopplæringa?

Her er det mange ulike oppgåver ein kan vera med på. 

På dei ulike trusopplæringstiltaka kyrkjelyden arrangerer, er det alltid kjekt å ha ein ekstra vaksen med som kan hjelpa til med det praktiske under aktiviteten. Desse skjer ein gong i året for kvar årsklasse, og det går an å velgja seg ut eit eller fleire tiltak å vera med på. (Sjå "trusopplæringsplan" under born og unge)

Kvar onsdag er det Kompis i kyrkja på Haga. Der kan ein hjelpa til med lekser, spela spel eller laga noko saman med borna, hjelpa til på kjøkenet eller berre vera saman med borna. Det går an å vera med kvar gong, eller så mykje ein har høve til. 

Høyres dette ut som noko du kunne tenkja deg å engasjere deg i, ta kontakt med kyrkjekontoret anten på e–post: post@samnangersokn.no eller ring på tlf: 56 58 90 10.

KALENDER

søndag 3 desember
18:00 Lysmesse
Ådland kyrkje
søndag 10 desember
Ådland kyrkje
søndag 17 desember
Haga kyrkje
søndag 24 desember
Samnangerheimen
Haga kyrkje
Ådland kyrkje
mandag 25 desember
Ådland kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: